Mysuseter / Spranget / Rondane i Sel kommune

Ved Rondane

No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg på Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminne er den Tala blandad;
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.