Fotoalbum Loen Skylift

Loen Skylift - ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei pendelbane vil løfte deg frå fjorden til 1011 m. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet.

Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest.