Fotoalbum gamle Strynefjellsveg

Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet.

I gamle dagar var det mange ruter over fjellet som vart brukt til kløving og riding, men det var strabasiøse og tunge turar. Derfor vart det i 1881 bestemt å byggje veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. I 1894 stod vegen klar, og den ligg der framleis som eit minnesmerke over ei tid som har gått.Grotli, ved den austre delen av vegen, var frå tidligare møtepunkt for reisande mellom aust og vest, og i gamle dagar kom mange cruiseturistar hit for å oppleve norsk fjellnatur. Vegen byr alltid på ein vakker køyretur og i sterke haustfarger er den i særklasse.Nasjonal turistveg gamle Stynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter. Strekninga er 27 kilometer lang.Vegen er vinterstengt og er open frå tidleg i juni til snøen kjem - ofte i midten av oktober.